Det seier Tore Storehaug, stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane (KrF).
 

– Regjeringa må slutte å trenere  og gøyme seg bak skiftande argument. Eit samla storting har sagt kva vi vil ha, og det er ikkje det vi har fått, seier Storehaug, som er medlem av energi og miljøkomiteen på Stortinget.
 

For eitt år sidan løfta stortingsrepresentantane Tore Storehaug, Torhild Brandsdal, Geir Jørgen Bekkevold og Olaug Bollestad eit representantforslag som tok til orde for ei meir rettferdig nettleige. 9. mai stilte eit samla storting seg bak, der alle parti anerkjente at dagens løysing slår ut feil, særleg i kraftproduserande område.

 
Tore Storehaug fekk fullt gjennomslag for første saka han tok opp i Stortinget 

 

- Prisforskjellane er i dag store, og i særskilte områder på  Vestlandet og i Midt- og Nord-Noreg betalast det nettleige som er betydeleg over snittet i landet.  Rettferdig nettleige ville ikkje gitt eit stort påslag for dei som betalar minst, men vil bety mykje for dei som betalar mest, fortsett Storehaug.
 

Han er ikkje imponert over at regjeringas argumenter for å ikkje gjere noko.

- Koplinga effektivitet mot nettleige blir jo motvist av NVE sine eigne tal: Nord-Salten har ein effektivitet på 110%, men nettleige på 64,23 øre/kWh, godt over snittet, påpeikar Storehaug.

Likt skal vere likt, meiner Arbeiderpartiet 

I statsbudsjettet innrømmer og NVE at det er mulig å sikre kostnadseffektivitet med ei lik nettleige, men at «dette er ei svært omfattande og krevjande oppgåve».

- NVE seier at det kan vært naudsynt med endringar i regelverket for å sikra kostnadseffektiv drift ved utjamna nettleige. Det er ikkje eit argument mot rettferdig nettleige.  Då få vi gjere desse endringane og sikre eit meir rettferdig system, fortsett Storehaug.
 

Han er ikkje innstilt på å gje opp kampen for ei rettferdig nettleige.

- Så lenge vi held fram på eit urettvist system vil det vere kraftproduserande område og distrikta som taper. Det er eit fleirtal på Stortinget som er einige med KrF om at dette er noko som må ryddast opp i.  Dette er ikkje ei sak som vi gir oss på no, avsluttar Storehaug.