I april erklærte regjeringa at vindkraftpausen på land var over. Men så langt er det lite som tyder på det, skriv Europower.

Så langt har berre to kommunar, Gamvik og Lebesby, vist interesse for å byggje ut ny vindkraft, ifølgje Europower.

I april opna regjeringa igjen for å behandle søknader om å få byggje vindparkar, etter at saksbehandlinga av alle vindkraftsaker vart stansa i 2019.

Vertskommunane må sjølv be NVE setje i gang saksbehandlinga. Men dei meir enn seks månadene som er gått sidan vindkraftstansen vart avblåsen, har berre to kommunar teke kontakt med NVE med ønske om å greie ut vindprosjekt av ein viss storleik. Gamvik og Lebesby kommunar har meldt inn totalt fire vindprosjekt på Nordkinnhalvøya.

Alle prosjekta ligg i aktive reindriftsområde. Kraftnettet i denne delen av Troms og Finnmark er heller ikkje rusta til å ta imot ny vindkraftproduksjon og det må investerast milliardar før prosjekta kan realiserast. Dermed er det lenge til dei fire vindparkane kan levere straum til nettet, om dei i det heile får konsesjon.

– Ingen andre kommunar har gjort nokon framstøyt overfor oss, seier Svein Grotli Skogen, seksjonssjef for energikonsesjonar i NVE til Europower.

(©NPK)