Gå til sidens hovedinnhold

Nesten ikkje arbeidslause i fylket vårt

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er no så låg at rekruttering er blitt eit langt større problem.

Med 2,1 prosent ledige i Hordaland og 1,2 prosent i Sogn og Fjordane, nærmar arbeidsløysetala seg historisk låge nivå. Sogn og Fjordane er lågast i landet, og i heile Vestland fylke er det no ein nedgang på 1200 arbeidsledige samanlikna med same tid i fjor. Det viser ferske tal frå Nav.

Mange manglar folk

Stadig fleire verksemder melder om rekrutteringsproblem når dei har ledige stillingar, og enkelte næringar peikar seg ut.

– Bygg og anlegg og IKT er døme på bransjar som no slit med å finne folk. Dei manglar fagfolk som bygningsingeniørar, elektrikarar, systemanalytikarar og programmerarar, seier direktør Anne K. Bogsnes i Nav Vestland.

I den grad det no finst arbeidsledige, er det innan butikk- og salsarbeid, serviceyrke, reiseliv og transport.

Betring blant dei unge

Likevel er det utfordringar for enkelte grupper med å finne seg arbeid. Av dei rundt 6600 arbeidslause i Vestland fylke, er nesten kvar tredje ein ungdom under 30 år. Men også her viser tala positiv utvikling, og er 21 prosent lågare enn i oktober 2018.

Kommentarer til denne saken