Nesten halvparten av dei som mista livet i bil i fjor, brukte ikkje bilbelte, eller brukte beltet feil, viser nye tal frå politiet.

47 prosent av dei 89 personane som døydde i bilulykker i 2020, brukte ikkje bilbelte, eller brukte beltet feil.

I løpet av det siste ni åra har dette vore tilfellet for 35 prosent av alle som døydde i bil. Det kjem fram i tilstandsanalysen til politiet for trafikktryggleiksarbeid 2022.

Til P4 seier fungerande sjef for Utrykkingspolitiet, Roar Skjelbred Larsen, at mange dødsulykker utan bilbelte kjem av rus.

– Det kan vere personar som tidlegare har vore i kontakt med politiet og som ikkje bryr seg om dei blir tekne av politiet når dei er ute og køyrer, så skjer uhellet, seier Larsen til radiokanalen.

Prosentandelen for dei som bruker bilbelte, ligg på mellom 87 og 98 prosent.

(©NPK)