Gå til sidens hovedinnhold

Neste veke startar dei med skredsikring her

Statens vegvesen startar i veke 48 skredsikring på riksveg 5 mellom Grov og Leversundet i Kinn kommune i Vestland.

Vegen kan verta stengd måndag til torsdag i periodar på inntil 30 minutt mellom klokka 09.00 og 1400, og mellom klokka 17.00 og midnatt.

Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Rutegåande trafikk og utrykkingskøyretøy kan passera.

Arbeida vil kunne halde på til mars 2022.

– Me har forståing for at slikt langvarig anleggsarbeid kan vera krevjande for trafikantane. Men då er viktig å minna om at me gjer dette store prosjektet nettopp for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og betra framkomelegheita for framtida, seier byggeleiar Dag Ove Ulltang i Statens vegvesen.

Kommentarer til denne saken