Gå til sidens hovedinnhold

Neste års kvotar for NVG-sild og kolmule er fastsette

Alle partane er samde om at totalkvoten skal fastsettast i høve dei forvaltningsreglane for bestandane som partane tidlegare har avtalt, og dei faglege anbefalingane frå Det internasjonale rådet for havforskning (ICES).

I kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (NVG-sild) og kolmule blei det 26. oktober inngått avtale om ein totalkvote for kolmule på 752.736 tonn, og for NVG-sild ein totalkvote på 598.588 tonn.

– Eg er glad for at vi no har komme til semje om totalkvotane. Usemje om kvotefordelinga for begge desse bestandane fører til at det også i år blir fiska meir enn den totalkvoten som er fastsett. Trass i dette, er begge bestandane innanfor trygge biologiske rammer. Vi er også samde om å møtast igjen tidleg i 2022 for å starte arbeidet med fordeling av andelar både på kolmule og sild, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Det er Norge, EU, Storbritannia, Færøyene og Island som er kyststatar til kolmule, medan kyststatane til sild er Norge, Russland, Storbritannia, Færøyene og Island.

Det er også avtalt at kyststatane skal etablere arbeidsgrupper som skal halde fram arbeidet med sonetilhøyrigheitsanalyser for både kolmule og sild. Dette vil vere viktig kunnskap for framtida.

Når det gjeld avtaler om soneadgang for norske fiskarar i andre lands soner, blir dette gjennomført som bilaterale forhandlingar seinare på året.

Dei endelege kvotane for norske fiskarar for neste år vil bli klare etter at reguleringane er fastsette og det ligg føre endelege tal for kvotebyte og årets fiske.

Kommentarer til denne saken