Elefant er namnet oljebransjen nyttar på funn som har opp mot 500 millionar fat olje. Dugong er ikkje ein elefant, men om vi skal halde oss i zoologien er dugong ein type av dei sjarmerande sjøkyrne som er gode og tunge. Så om Johan Sverdrup-feltet er ein elefant, kan vi seie at Dugong-feltet nord for Snorre er ei sjøku å rekne.

Dette er gode nyhende for basemiljøet i Florø som har grep om alle logistikk-operasjonar ut til Dugong-feltet. Det betyr at dei styrer lasting og lossing av to forsyningsbåtar og i tillegg til helikoptertenester til og frå riggen gjennom heile boreprogrammet.

Feltet som no har fått auka aktivitet rett nord for Snorre-feltet. Her er vassdjupna 330 meter og reservoaret dei jaktar ligg på 3350 – 3400 meters djupne.

Deepsea Yantai

Brønnen blir bora av Deepsea Yantai, ein ny halvt nedsenkbar rigg eigd av CIMC og blir operert av Odfjell Drilling.

Neptune Energy reknar med at Dugong-feltet har ein plass mellom 40–120 millionar fat oljeekvivalentar. Arbeidet som no går føre seg er boring av ein avgrensingsbrønn.

– Formålet med avgrensingsbrønnen er å samle inn meir opplysningar om reservoaret, strukturen og utvinnbare ressursar, slik at partnarskapet kan optimalisere utbyggingsløysinga, seier Neptune Energys sin leitedirektør i Norge, Steinar Meland.

God framdrift

Administrerande direktør i Neptune Energy Norge, Odin Estensen meiner det gode samarbeidet med partnarane i lisensen og andre underleverandørar, er grunnen for at framdrifta i prosjektet er så god.

– Oppstarten av borekampanjen er ein milepæl. Dugong er et spennande, nytt funn, som ligg nær eksisterande infrastruktur og med potensial til å bli et nytt vekstområde for Neptune i Norge, seier Estensen.

Neptune og Dugong-partnarane planlegg å bore ein leitebrønn i lisensen i tredje kvartal 2021, kalla Dugong Tail-prospektet.

Dugong-lisenspartnarar: Neptune Energy (operatør og 45 %), Petrolia NOCO (20 %), Idemitsu Petroleum Norge (20 %) og Concedo (15 %).

Det var Måløy 24 som først melde denne saka.