Neptune har funne olje i nærleiken av Snorrefeltet

BORER DUGONG: Deepsea Yantai, ein ny halvt nedsenkbar rigg eigd av CIMC og drifta av Odfjell Drilling.

BORER DUGONG: Deepsea Yantai, ein ny halvt nedsenkbar rigg eigd av CIMC og drifta av Odfjell Drilling. Foto:

DEL

Under boring på Dugong-lisensen (PL 882) vest av Florø har operatørselskapet Neptune Energy og partnarane deira støtt på hydrokarbonar, eller råolje. Dugong-feltet ligg 158 kilometer vest for Florø, i nærleiken av Snorre-feltet.

Ved boring i reservoaret viste loggane og borekaksen tydelege spor etter råolje i brønnen, og selskapet har no bestemt at det skal ta kjerneprøver. Men operasjonen i brønnen er framleis på et veldig tidleg stadium, og endelege resultat er ikkje klare endå.

– Vi vil no jobbe vidare for å undersøke omfanget av funnet og om det er et kommersielt funn. Det endelege resultatet ligg truleg nokre veker fram i tid. Men, et kommersielt funn i Dugong kan opne opp for spennande moglegheiter i omkringliggande lisensar og er derfor ein viktig brønn i etableringa av nye kjerneområde for Neptune, seier Neptunes leitedirektør i Norge, Steinar Meland.

Reservoaret ligg på ei djupne mellom 3350 og 3400 meter. Det er planlagt for ein hovudbrønn. Avhengig av resultat i denne brønnen vil det bli vurdert et sidesteg for å avgrense eit mogleg funn i lisensen.

Dugong skal borast av Deepsea Yantai, ein ny halvt nedsenkbar rigg eigd av CIMC og drifta av Odfjell Drilling.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken