Boringa av leitebrønnen Ofelia, 35/6-3 S, er avslutta og det er funne olje i Agatformasjonen. Ofelia ligg 15 kilometer nord for Gjøa-plattforma, på 344 meters havdjup.

Foreløpige utrekningar av utvinnbare volum ligg i området 2,5-6,2 millionar standard kubikkmeter (MSm3), tilsvarande 16–39 millionar fat oljeekvivalentar. I tillegg til voluma i Agat er det også rekna eit potensial på rundt 10 millionar fat oljeekvivalentar utvinnbar gass nord for brønnen i den grunnare Kyrreformasjonen. Totalt potensial er dermed i størrelse 26–49 millionar fat oljeekvivalentar.

Ofelia vil bli vurdert tilknytt Gjøa-plattforma, også operert av Neptune. Gjøa er tilknytt straum frå land og produserer med mindre enn halvparten av de gjennomsnittlege CO₂-utsleppa per produsert fat oljeekvivalentar på norsk sokkel. Funnet kan potensielt byggast ut parallelt med Hamlet, eit olje- og gassfunn dei gjorde tidlegare i år.

– Det er ei glede å kunne fortelje at vi har gjort vårt andre funn på fire månader, noko som ytterlegare styrker Neptunes posisjon i vekstområdet rundt Gjøa. At funnet er så nært eksisterande infrastruktur opnar for ei utbygging med lågare kostnader og karbonutslepp,» seier Neptune Energys administrerande direktør for Norge og Storbritannia, Odin Estensen.

Ofelia-brønnen stadfesta olje/vann-kontakt på 2639 meter vertikal djupne.

Dette er tredje gang Neptune gjør et funn i Agatformasjonen, eit reservoar som inntil nyleg ikkje var ein del av dei etablerte leitemodellane på norsk sokkel. Den første var Duva-feltet, som no er i produksjon. Det andre var selskapets nylege olje- og gassfunn, Hamlet, som er berekna å ha mellom 8–24 millionar fat oljeekvivalentar.

Samla sett bidreg funna til opninga av eit nytt geologisk område i Norge, og kan auke produksjonen frå den Neptune-opererte Gjøa-plattforma.

– Ofelia-funnet bekreftar at vi har ei vellykka leitestrategi, og at området rundt Gjøa framleis har stort potensial. Neptune har fleire spennande leitemoglegheiter i nærleiken, seier Neptune Energys leitedirektør i Norge, Steinar Meland.

Ofelia blei bora av Deepsea Yantai, ei halvt nedsenkbar rigg, eid av CIMC og drevet av Odfjell Drilling.

Partnarar: Neptune Energy (Operatør, 40 %), Wintershall Dea (20 %), Aker BP ASA (tidlegare Lundin Energy) (10 %), Pandion Energy (20 %) og DNO (10 %)