Ein er no i gang med studiar, for å bekrefte utvinnbare ressursar, Neptunes mellombelse estimat er 8–24 millionar fat oljeekvivalentar, skriv dei i ei pressemelding.

Hamlet ligg 58 kilometer vest av Florø, med ei vassdjupne på 358 meter, og vil bli vurdert knytt opp mot den Neptune-opererte Gjøa-plattforma.

Hamlet er eit nytt funn i Gjøa-området, der Neptune allereie opererer to felt. De Wintershall Dea-opererte felta, Vega og Nova som og er knytt til Gjøa-plattforma. Hamlet vart bora av riggen Deepsea Yantai.

– Hamlet-funnet er i tråd med Neptunes strategi om fokusert leiteaktivitet rundt eksisterande infrastruktur. Dette opnar for rask utbygging, reduserte kostnader og lave karbonutslepp. Ei eventuell feltutbygging vil bygge vidare på erfaringane våre frå den vellykka utbygginga av Duva-feltet og Gjøa P1-segmentet, seier Neptune Energys administrerande direktør for Norge og Storbritannia, Odin Estensen.

Boreprogrammet bestod av ei hovudbrønn (35/9-16S) med sidesteg (35/9-16A). Begge brønnane fant hydrokarbon, og sidesteget bekrefta olje/vant-kontakt på 2662 meters total vertikal djupn. Neptune og partnarane har sett i gang studiar for å vurdere ulike utbyggingsalternativ.

Partnarane i Hamlet: Neptune Energy (operatør og 30 %), Petoro (30 %), Wintershall Dea (28 %), OKEA (12 %).