Det blei to kampars karantene på Nelson «Nelsinho» de Jesus Correia etter utvisinga laurdag. Det går fram av NFF sine heimesider og kampreferatet etter kampen mot Molde 2 måndag.

Det betyr at Florø blir utan sin mest målfarlege spelar i 16. mai-kampen mot Førde.


Nedsettande munnbruk

Nelsinho blei utvist mot slutten av første omgang i kampen mot Molde 2 etter det dommaren karakteriserer som grov munnbruk mot assistentdommaren.

– Det raude kortet kjem på grunn av grovt nedsettande munnbruk retta mot min assistentdommar, seier dommaren.

Etter det Firdaposten kjenner til meiner folk at han skal ha brukt ordet «Puta», altså portugisisk og spansk for hore. Det skal Correia sjølv ha nekta for. Han meiner han har brukt ordet «Borja», som kan bety noko slikt som horribelt på norsk.

Florø kan protestere på avgjerda, men inntil vidare ser det ut til at Nelsinho er ute i den prestisjefylte kampen mot tidlegare Florø-trenar Terje Rognsø og rivalane frå Førde.