Nekst kartlegg og søkjer i desse dagar om fem ulike alternative sjølokalitetar for produksjon av laks og aure i område Askvoll og Solund kommune. 8. oktober melde fleire media at eit ørnereir kunne stanse Nekst sine planar.
- Det er heilt rett at Fylkesmannen har utrykt seg negative til ein av lokalitetane med bakgrunn i hekkande havørn, men kun ein. Lokaliseringa av fôrflåten, som Nekst har planlagt å plassere nærare land og meir skjerma for vær og vind, vil vere ca 500 meter frå reirplassen til ørna. Havliljene og sjølve oppdrettet vil derimot ha ein avstand på over 900 meter og er derfor utanfor den kritisk sona.
Det opplyser Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i Nekst.
- Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med. No skal vi ta ein dialog med Fylkesmannen om dette, og også involvere Askvoll kommune, seier Ramsdal til Firdaposten.

Ørnereir kan stogge oppdrettsplanar
- Det skal og merkast at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har utrykt seg positivt i høve til Nekst si satsing med å ta i bruk ny og alternativ teknologi som kan bidra til å løyse miljøutfordringane i akvakulturnæringa knytt til m.a. rømming og lakselus, påpeikar dei.
Nekst sine HavLiljer er eit generisk utforma havlokalisert merdsystem, som baserer seg på grunnleggande eigenskap frå offshore- / subsea-teknologi, samt det beste frå norsk oppdrettsindustri.
I samarbeid med Marine Construction AS som teknologiutviklar, og blant anna ABB, har Nekst utvikla en patenterbar løysning der merdane med en dobbel not kan senkast under «lusebeltet» og bølgekreftene. Den korte driftstida, i kombinasjon med de nyutvikla og patentsøkte offshore merdane, vil så godt som eliminere behovet for avlusning, samt sikre mot rømming, meiner dei.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har handsama saka fleire gonger, og fylkesordfører Jenny Følling skriv i si uttale: «Fylkesutvalet ber om at Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekkelege med utviklingskonsesjonar slik at prosjektet kan realiserast med full utbygging.»
- Nekst sitt integrerte konseptet mellom land og sjø er eit komplett miljøkonsept som igjen vil sikre bærekraftig omstilling og et stort teknologiløft for heile den norske akvakulturnæringa. Det er helt i tråd med stortingets ønske om «Forutsigbar, miljømessig bærekraftig vekst i norsk laks og ørretoppdrett» i stortingsmelding nr 16 (2014-2015), seier dei.