– Faktafeil om Kinn-leilegheiter

Rådmann: Terje Heggheim.

Rådmann: Terje Heggheim.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredrik Egeberg i «Nei til Kinn» hevdar Kinn-rådmann Terje Heggheim har tatt to leilegheiter frå rørslehemma og eldre.

DEL

I eit lesarbrev i Fjordenes Tidende i førre veke hevd Fredrik Egeberg i «Nei til Kinn» at Kinn «no går direkte ut over dei eldre», ved at Kinn-administrasjonen skal ha fått to leilegheiter i Selstadgården i Måløy.

Han hevdar at dette er leilegheiter tilrettelagt rørslehemma og eldre, og at dei er «tatt frå dei som treng dei mest».

– Dette er faktafeil. Eg er tildelt ein leilegheit i Selstadgården, som eg disponerer som rådmann i Kinn. Eg skal vere veldig mykje i Vågsøy framover, og hotellkapasiteten er låg på grunn av oppussing. På sikt er også ei hotelløysing dyrare, seier Terje Heggheim til Firdaposten.

– Det var ein leilegheit som stod ledig, som Vågsøy ønska leigetakarar til. Den er ikkje tilpassa rørslehemma, og eg er ikkje kjent med at eg har skubba vekk nokon, seier Heggheim.

– Heile innlegget til Egeberg bygger på faktafeil. Det er eit lite faktabasert angrep på Kinn. At Kinn skal gå ut over dei eldre? Her har nok Egeberg tømt Kiwi-butikken i Selstadgården for tran, kommenterer han.

Frode Weltzien, leiar for eigedomsavdelinga i Vågsøy kommune, stadfestar det Heggheim seier i eit eige innlegg i Fjordenes Tidende:

– Det er ingen på venteliste for tildeling av leiglegheiter, vi har fleire ledige både i Vågsøy omsorgssenter, Bryggja og andre stader i Måløy. Leilegheitene i Selstadgården er ikkje godkjent og tilrettelagt for rørslehemma. For Vågsøy er det viktig å ha leilegheiter i bruk, for å unngå økonomisk tap for kommunen, skriv Frode Weltzien.

Artikkeltags