– Eg kunne ikkje vere i gruppa meir. Eg orka ikkje, det gjekk ut over familielivet og alt.

FLORØ: Ordførar Ola Teigen har sjølv førstehandskjennskap til debattklimaet i Facebook-gruppa «Nei til Kinn kommune». Han opplevde eit knallhardt debattklima, der ingen var interesserte i faktainformasjon, og det bevisst vart feilinformert.