Negativ straumpris for første gong i historia

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Natt til måndag kosta 1 kilowattime straum minus 0,1 øre, noko som aldri har skjedd før her i landet. Bakgrunnen er mykje vind og nedbør.

DEL

Ifølgje Europower Energi vart den negative prisen ein realitet mellom klokka 4 og klokka 5. Dette gjaldt i dei tre sørlege prisområda.

Negativ pris betyr av leverandørane måtte betale for å selje straumen, skriv Dagens Næringsliv.

– Det er veldig billeg straumpris, men du må framleis betale for nettleige og elavgift, så straumen blir ikkje gratis. Men sjølve kraftprisen, inkludert avgifter, er no berre 40 prosent av kva prisen ville vore i ein meir normal situasjon, seier kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i Refinitiv til avisa.

(©NPK)

Artikkeltags