(NTB): Nordfjord Kjøtt trekkjer tilbake ytterlegare eit parti karbonadedeig på grunn av mistanke om salmonella i eit parti norsk storfekjøtt.
Karbonadedeigen kan innehalde råvare frå eit parti norsk storfekjøtt der det er mistanke om salmonella.
Det er pakker av «Karbonadedeig Nordfjord 400 g, 5 % fett» med siste forbruksdato 10. mai 2021 som no blir trekt tilbake. Frå før er pakker med siste forbruksdato 26. april 2021 trekt tilbake. Dette gjeld både Nordfjords eige merke og merket Prima.
Produkta kan vere kjøpt i alle Rema 1000-butikkar, utanom Troms og Finnmark, Oslo, Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark fylke.
Produsenten oppmodar kundane om anten å kaste eller returnere karbonadedeigen til butikken det han kjøpt i for refusjon.