Fleire tusen kan vere ramma i Nav-skandalen - sakene blir tidlegast tatt opp att neste år

Arbeids og sosialminister Anniken Hauglie og  NAV-direktør Sigrun Vågeng ((.v.) holder pressekonferanse om retten til å ta med seg trygd til andre EØS-land har vært praktisert feil.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Arbeids og sosialminister Anniken Hauglie og NAV-direktør Sigrun Vågeng ((.v.) holder pressekonferanse om retten til å ta med seg trygd til andre EØS-land har vært praktisert feil. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Gjenopptakingskommisjonen vil truleg ikkje rekke å behandle dei feilaktige dommane i Nav-skandalen før neste år, opplyser kommisjonen.

DEL

– Vi kjem til å prioritere dette. Men vi veit ikkje når sakene kjem, seier leiaren av kommisjonen Siv Hallgren til NTB.

Ifølgje riksadvokat Tor-Aksel Busch er det kunngjort dommar på gale grunnlag for trygdebedrageri i minst 48 saker. Busch sa måndag at kontoret hans vil sende eit brev til alle politidistrikt med lista over sakene, men ser ikkje bort frå at lista kan bli utvida når kvart enkelt distrikt går gjennom for å sjå om det er saker som ikkje er fanga opp. Saka vil deretter bli send over til Gjenopptakingskommisjonen med krav om at ho blir opna på nytt.

Kvar sak må behandlast for seg, ifølgje Hallgren.

– Så må vi vurdere når vi får inn sakene, om dei kan behandlast så summarisk som det som er nemnt til no, seier ho.

Sakene må opp i eit kommisjonsmøte for å sjå om dei kan opnast på nytt. Det neste planlagde møtet i kommisjonen er i januar. Dermed kan det først bli ei avklaring på vårparten.

– Det kan òg bli aktuelt med eit ekstramøte. Vi må finne ein effektiv måte å behandle desse på, seier Hallgren.

Ekspert: Fleire tusen kan vere ramma i trygdesaka

Langt fleire personar enn det som hittil er kjente, kan vere ramma av Navs feiltolking av trygdereglane, ifølgje trygdeekspert.

Måndag opplyste Nav og Arbeids- og sosialdepartementet at rundt 2.400 personar kan ha fått urettmessige pengekrav mot seg.

– Det kan vere veldig mange saker der det ikkje har vorte ei straffesak, der ein likevel har kravd pengar tilbake urettmessig, og det vil dreie seg om fleire tusen saker, seier trygdeekspert Olav Lægreid til Dagbladet.

Han meiner 2.400 saker høyrest altfor lågt ut og antydar at vi førebels berre har sett toppen av eit isfjell.

– Berre Trygderetten har behandla 250 saker sidan 2012, der ein stor del truleg kan sporast tilbake til opphald i EØS-land. Då kan du seie at det er ti gonger så mange i Nav klageinstans, og det er berre cirka 10 prosent som klagar i utgangspunktet, forklarer Lægreid.

Uklart når praksis blei ulovleg

Det vert no stilt spørsmål ved om det var først i 2012 at Nav-praksisen om trygdeutbetalingar blei ulovleg.

Nav opplyste måndag at etaten sidan EUs nye trygdeforordning blei del av norsk lov i 2012, ikkje har praktisert reglane riktig.

Men Trygderetten i Norge har lagt til grunn at rettstilstanden på dette punktet ikkje blei endra ved den nye forordninga, skriv Rett24.

Professor Halvard Haukeland Fredriksen ved Universitetet i Bergen meiner det kan stillast spørsmål ved om det verkeleg er slik at det først var i 2012 at denne praksisen blei ulovleg.

Også advokat John Christian Elden mener det er naturleg å sjå på om gjenopptaking bør skje også for saker frå før 2012.

Kjerna i saka som blei kjent måndag, er at ein etter EØS-retten har rett til å ta med seg trygderettane til andre EØS-land, mens ein etter norsk lov må opphalde seg i Norge.

NPK/NTB (c)

Artikkeltags