– Dramatisk folketalsutvikling i fylket

 NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylket står no framfor utfordringar som vi ikkje har sett tidlegare, seier Tore Thorsnes, direktør i Nav Sogn og Fjordane. Ein reduksjon i folketalet på nesten 200 personar i 1. halvår er dramatisk.

DEL

At Sogn og Fjordane no opplever stor nedgang i folketalet, er eit paradoks i eit fylke der «alt det andre» går veldig bra, meiner Nav.

Næringslivet går godt, låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking, vi står lengt i jobb i Norge, har relativt få på uføretrygd osv, men likevel ser vi at utflyttinga frå fylket held fram og tilflyttinga bremsar opp, påpeikar Tore Thorsnes.

Tala som Statistisk sentralbyrå legg fram er lite lysteleg lesnad:

  • 19 kommunar har null eller negativt fødselsoverskot jamført 2017
  • 13 kommunar har negativ flyttebalanse
  • Frå inngangen til 2017 og fram til 1. halvår 2018 har «minuskommunane» våre eit fall i folketalet på heile 742 personar mens «vekstkommunane våre» har ein auke på 512 personar.  Vi ser såleis også ein forsterka sentralisering av busetnaden i fylket.

- Fylket har over lang til hatt stor utflytting til andre delar av landet, særleg i aldersgruppa 20-30 år, og dette vil halde fram, trur Thorsnes. 

Utflyttinga er blitt kompensert av gode fødselsoverskot og ikkje minst innvandring, både arbeidsinnvandring og busetting av flyktningar, og gitt fylket ein svak vekst i folketalet dei siste åra.

– No ser vi at fødselsoverskotet er snudd til minus, både som følgje av færre kvinner og lågare fruktbarheit.  Når fylket, som landet, i tillegg får mindre tilflytting frå utlandet vert resultatet dramatisk for fylket vårt, seier Thorsnes.

Flytting siste 6 år

Nettoflytting

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Innanlands -915 -841 -856 -732 -663 -913
Utanlands 1253 982 903 987 1318 742
+338 +141 +47 +255 +576 -170

Tabellen over syner tydeleg kor viktig tilflytting frå utlandet har vore og er for Sogn og Fjordane.  Når vi halvveges i 2018 må notere nettoflytting frå utlandet til fylket på berre +222 personar er det all grunn til å frykte ytterlegare fall i folketalet når året er omme, trur Nav-direktøren. 

Korleis kan ein møte desse utfordringane? 

– Alle våre strategiar og målsettingar for fylket er basert på vekst - noko vi har felles med alle andre fylke i landet.  Men vi må likevel ta innover oss korleis vi skal handtere utviklingstrekk som vi ikkje ønskjer?  Særleg på kommunenivå er dette ei svært aktuell problemstilling, seier Thorsnes.

Nav er no svært uroa over korleis privat og offentleg sektor skal skaffe seg nok kvalifisert arbeidskraft dei komande åra.  Offentleg sektor og særleg innan helse og omsorg er der eit stort rekrutteringsbehov fordi mange når pensjonsalder samstundes som bemanninga må aukast. 

– Like eins fryktar vi at mange bedrifter ikkje får realisert vekstpotensialet sitt rett og slett fordi arbeidskrafta ikkje er tilgjengeleg, seier Thorsnes.

Skal vri ressursane

Nav skal no vri ressursane tyngre over mot rekrutterings- og kvalifiseringsbistand, i nært samarbeid med ulike bransjar, i tillegg til å finne kandidatar både i inn- og utland. 

– Vi trur likevel at arbeidsgjevarane sjølv må legge meir arbeid i langsiktige planar for å sikre seg nødvendig kompetent arbeidskraft, til dømes gjennom lærlingordninga eller ved meir løpande opplæring i bedrifta.  Nokre bransjar kan nok framleis finne kvalifisert arbeidskraft i utlandet, men dette er på ingen måte gitt framover, seier Thorsnes.

Artikkeltags