Her må du bu deg på ventetid i dag

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Manuell dirigering i Naustdalstunnelen.

DEL

Grunna vedlikehaldsarbeid i Naustdalstunnelen, vil det vere manuell dirigering på rv. 5 Naustdalstunnelen på strekninga Førde – Florø i dag, og fram til og med fredag.

Det melder Firda.

Årsaka til vedlikehaldsarbeidet er at Naustdalstunnelen skal reinsast. Tunnelen må reinsast etter hyppige nedfall frå tunnelveggane, noko som har ført til at tunnelen vart skyvd fram på vedlikehaldsplanen til Vegvesenet.

Statens vegvesen opplyser at vedlikehaldsarbeidet vil foregå i følgjande periodar:

Måndag frå 10.00 til 19.00.

Tysdag til fredag frå 07.00 til 19.00.

Den manuelle dirigeringa skjer med leiebil, og det er venta om lag 30 minutt ventetid.

Artikkeltags