Gå til sidens hovedinnhold

Naustdalstunnelen var stengt på grunn av stein og punktering

Vegtrafikksentralen Vest melder på Twitter klokka 18.49 at Naustdalstunnelen mellom Florø og Førde på rv. 5 er mellombels stengt etter melding om stein i vegbana. Entreprenør er på veg.

Klokka 19.21 blei det meldt at entreprenør var på staden, samstundes som bilbergar også var på veg til eit køyretøy som hadde punktert i tunnelen.

Klokka 20.16 var tunnelen open for fri ferdsel etter bilberging.

Kommentarer til denne saken