Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Florø og Førde er no stengd.

Det melder Vegtrafikksentralen Vest på sin Twitter-konto om lag klokka 10.50.

Årsaka skal vere ei automatisk varsling om at eit brannsløkkingsapparat er fjerna frå tunnelen, og brannvesenet er no på veg for å sjekke.

Oppdatering: Ti minutt over 11 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er open for trafikk igjen.