Klokka 18.08 melder Vegtrafikksentralen Vest at Naustdalstunnelen på Riksveg 5 mellom Florø og Førde er stengd.

Årsaka skal vere at nokon har vore inne i tunnelen og fjerna eit brannsløkkingsapparat, noko som automatisk set av alarm og tunnelen går i stengemodus.

Brannmannskap skal no vere på veg til tunnelen for å sjekke tilhøva.

Klokka 18.30 melder Vegmeldingssentralen at feilen er funnen og tunnelen er gjenopna.

Årsaka var eit brannsløkkingsapparat som hadde velta over ende og dermed utløyst ein alarm.