Naustdalstunnelen er opna igjen

DEL

(Firda) Etter å ha vore stengt i nesten to timar er Naustaltunnelen no opna igjen. det melder Statens vegvesen 14.15.

Klokka 12.30 melde Vegtrafikksentralen vest at Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Florø og Førde var stengt.

Årsaka er ein laus kabel som heng ned mot vegbana.

Statens vegvesen fekk melding om kabelen klokka 12. 25.

Ikkje passering

– Innringaren seier at kabelen hang så langt ned i vegen at det ikkje er passering for personbilar ein gong, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.

Dette beskriv han som veldig farleg.

– Det er spesielt farleg for motorsyklistar, seier Sleire.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken