Aksjonerer mot prøveboring

Kring 15 personar frå Natur og Ungdom er samla for å aksjonere mot prøveboringa i Engebøfjellet.

Kring 15 personar frå Natur og Ungdom er samla for å aksjonere mot prøveboringa i Engebøfjellet. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Sperrar vegen i protest mot prøveboring.

DEL

Natur og Ungdom seier at dei har sett opp sperrer på vegen inn til Engebøfjellet i Vevring, der gruveselskapet Nordic Mining skal gjere prøveboring. Dette melder Firda.

Fysiske sperringar

Ifølgje leiar Ingrid Skjoldvær har Natur og Ungdom 15 personar på staden. De har teke med seg lenkjer og er budde på å lenke seg fast.

– Vi har danna ein leirplass der vi har sett opp ein lavvo. I tillegg har vi fysiske sperrer (trebukkar og liknande) for å hindre arbeidsmaskinene i å komme fram til området, seier Skjoldvær til Firda.

Klar for fleire veker med aksjon

Organisasjonen er budd på ein fleire veker lang aksjon og seier dei har nok av folk til å halde det gåande lenge.

– Til no har vi samla over 2.000 personar på liste for sivilt ulydige aksjonar mot det omstridde gruveprosjektet, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

– Vi er meir opptekne av å vere her lenge enn av å mobilisere veldig mange til ein kort aksjon. Vi er budde på at aksjonen varar i fleire veker, seier Skjoldvær, og legg til:

– Måla våre med desse aksjonane er i første omgang å stogge prøveboringa, meir langsiktig ønskjer vi å vise aksjonærane i Nordic Mining at dette ikkje er eit prosjekt det er verd å sette pengane sine på. I tillegg ønskjer vi å synleggjere konsekvensane av dette vedtaket endå betre.

Fossum: – Forventar at dei respekterar oss

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, fortel at dei har fått med seg at Natur og Ungdom har sett i gang ein aksjon mot prøveboringa.

– Vi er litt undrande til at dei aksjonerar no. Dette er ei geologisk undersøking for å få meir informasjon, det er ei stund til vi set i gang drifta. Men eg forstår at dei ønskjer publisitet kring sitt syn på saka, seier Fossum.

– Vil aksjonen påverke den jobben de skal gjere?

– Vi har respekt for deira syn på dette, og reknar med dei har respekt for det arbeidet som vi lovleg skal gjere. Slik at det ikkje blir noko problem, seier Fossum.

Får byrje prøveboringa

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring, skriv NTB.

Planane er klaga inn til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd. Klaga er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag, ifølge Natur og Ungdom.

I slutten av desember vart det meldt at det blir prøveboring i byringa av februar, og i slutten av januar vart planen er å bore 37 hull i fjellet i løpet av de neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne. (©NTB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken