Lakserømming i Førdefjorden

Artikkelen er over 1 år gammel

Flokenes Fiskefarm har for fyrste gong i historia hatt ei rømming.

DEL

Hendinga skjedde på lokaliteten Dyvika under ein avlusingsoperasjon, melder Kyst.no. Torsdag fann Aquadykk hol i ei not på lokaliteten Dyvika , tilhøyrande Flokenes fiskefarm.

Driftsleiar Magnar Terje Leknes bekreftar til Kyst.no at det har skjedd ei rømming, og opplyser at laksen har ei snittvekt på tre kilo.

– Dette er første gongen at ei rømming skjer hos oss, og vi synest dette sjølvsagt er svært keisamt. Vi reknar med skaden på nota oppstod i samband med avlusing, fortel han.

Lokaliteten ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden.

Brønnbåten RoServer var på lokaliteten onsdag og utførte avlusinga. Leknes opplyser at det stod 63 000 laks i nota, og fortel dei enno ikkje veit omfanget av kor stor rømminga er.

Rifta i notlinet var forma som ein L, og var cirka 60 cm kvar veg.

– Det er starta gjenfangst og tre laks har gått i garna 24 timar etter dei var sett ut, fortel Leknes.

I dag måndag er det møte med Fiskeridirektoratet for å finne ut ei mogleg årsak.

Artikkeltags