Regjeringa seier ja til fjorddeponi

Artikkelen er over 5 år gammel

Regjeringa seier ja til mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal, og fjorddeponi i Førdefjorden.

DEL

- Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier ja til mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal kommune.

– Regjeringa legger til rette for verdiskaping og nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, samstundes som vi stiller strenge krav til miljøovervaking og sjømattryggleik, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding fredag morgon.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har godkjent reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar. Departementet meiner det er viktig å utnytte gode mineralforekomster og legge til rette for nye, langsiktige arbeidsplassar og verdiskapning i området.

  • Kva meiner DU? Sei meininga di  i kommentarfeltet nederst!

Engebøprosjektet er det største planlagte mineralprosjektet i Norge og kan totalt gi 300 langsiktige arbeidsplassar i Sunnfjordregionen.

- Norge treng fleire bein å stå på for å skape arbeidsplassane som skal finansiere framtidas velferd.  Dette prosjektet vil styrke verdiskapinga i Sogn og Fjordane og gi viktige ringverknader for heile regionen, seier Sanner.

Miljøkonsekvensane av det planlagte sjødeponiet i Førdefjorden er grundig undersøkt og andre deponimoglegheiter er vurdert, seier pressemeldinga

- Strengaste løyvet

Regjeringa meiner at dei negative konsekvensane for det marine miljøet i fjorden og fiskeri- og sjømatnæringa blir begrensa.

- Ein viktig føresetnad for prosjektet er å ivareta miljøhensyn og sjømattryggleik, og det vert difor stilt strenge miljøkrav i utsleppsløyvet. Norge har lang erfaring frå fleire sjødeponi, og dette er det strengaste utsleppsløyvet som er gitt til gruveverksemd med sjødeponi, seier Sanner.

Det vert stilt strenge krav til at gruveselskapet Nordic Mining sikrar at verksemda vert drive på ein miljømessig forsvarleg måte, mellom anna gjennom eit miljøovervakingsprogram i Førdefjorden.

Overvaking og dokumentasjon skal kontrollerast av myndigheitene. Det er første gang det vert stilt krav for å dokumentere trygg sjømat i eit utsleppsløyve.

Lang sakshandsaming

Saka har pågått sidan kommunane vedtok planprogrammet for reguleringsplanen i 2007 og Fiskeridirektoratet protesterte i 2010. Straumforholda i fjorden er undersøkt, og det er gjennomført supplerande kartlegging av artar og naturtypar i deponiområdet. Sintef har regna ut risikoen for partikkelspreiing.

-  Vi har lagt Miljødirektoratet sine faglege råd til grunn og funne ein løysing som er miljømessig forsvarleg. Konsekvensane for naturen er grundig utgreia. Vi har brukt tid på å hente inn meir kunnskap og avveid ulike hensyn, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har behandla reguleringssaka, mens Klima- og miljødepartementet har behandla søknad om utsleppsløyve etter forureiningslova.

Vedtak: Reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar - avgjerd i motsegnssak (17.04.2015) (pdf)

Les meir:

Leiar: Ofrar gjerne ein fjord

Nyheitet: Gruveforkjempar kjem på synfaring

Flora Ap seier nei til fjorddeponi

Usemje i Høgre om gruvedeponi

Får ikkje dele forsking

Full krangel om fjorddeponiet 

Lesarbrev:  Eit stort industriprosjekt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken