Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Helse-og omsorgsminister Ingvild Kjerkol er i hardt ver om dagen. Svikt i eldreomsorga, og helsetilbod som blir nedbygde og /eller nedlagde blir debattert, og plassert på hennar skrivebord. Med rette eller urette! Ja, ho har nok ikkje vore spesielt heldig med delar av ordvalget sitt, og utsegna om at vi må alle planlegge alderdomen betre har fått piggar ut både her og der. Likevel vil eg i det lengste tru at Ingvild Kjerkol ikkje berre er ei følelseskald reknemaskin med auge kun for kroner og øre, men tilliks med dei fleste av oss alminneleg utrusta med både kjensler og empati. Men heile problemkomplekset kjem – dessverre? – opp på hennar vakt.
Ein kan få ein viss sympati med Ingvild Kjerkol. Ho må svare for eit synderegister som galant kan plasserast hjå mange fleire enn henne. Og ikkje minst er hennar ansvarsområde underlagt eit statsbudsjett, og ein stats-og finansminister som med alvor i røysta tek til orde for kraftige innstramingar. Dette for å hindre at ein øydeleggjande inflasjon påfører norsk økonomi uboteleg skade.
Det er godt mogeleg at det stemmer. Eg skjønar at den norske stat ikkje ukritisk kan pøse på med pengar, utan at eg dermed er sosialøkonom. Men eg er nokså sikker på at einkvar oppegåande familie eller bedrift går nøye gjennom pengebruken når det syng opp økonomisk. Spørsmåla melder seg: Har vi råd til det? Kva må vi velje? Sydenturen eller straumrekninga? Ny dress og kjole, eller turen til tannlegen? Og den nøkterne bedriftseigaren tenkjer som slik: Det-og-det kunne ha vore kjekt å ha, men inntil vidare må vi berre prøve å halde hjula i gang som best vi kan.
Eg sit med ein utriveleg mistanke om at denne tankegangen ikkje er ynskjeleg til stades hjå våre styrande. Det er opplese og vedteke at vi skal leve i ein velferdsstat, og langt framme i omgrepet «velferd» bør stå adekvate helse – og omsorgstenester. Det inneber at unge som eldre skal ha tilgang til det.
Per dato står eldreomsorga i fokus. Via fjernsynsskjermen har vi sett rystande reportasjar, og forteljingar om eldre som går for lut og vatten. I heimane sine, og på eldresenter. Det er mangel på pengar, og først og sist mangel på dei hendene som skal utføre det praktiske arbeidet. Og dei hendene ein er så heldig å ha blir sakte og sikkert utslitne. Dei er for få, og arbeidsmengdene veks dei over hovudet. Det har si grense kor lenge dei står i dette, for ei løn som ikkje akkurat kan seiast å vere overdådig.
På 1970-talet vart Stavanger den norske oljehovudstaden, med ein voldsom etterspurnad etter kompetent arbeidskraft. Dåverande ordførar Arne Rettedal, som seinare vart ein særs dyktig kommunalminister i Willoch-regjeringa vart spurd om korleis dei løyste dette. Svaret kom enkelt og fyndig: «Den arbeidskrafta vi ikkje har, må vi rett og slett kjøpe»! Kort, greitt og brutalt. Rettedal skjønte at etterspurd arbeidskraft ikkje kom rekande i fanget, driven av idealisme og omsut for Stavanger-regionen. Det måtte klingande mynt til.
Arne Rettedal jubla neppe over at han måtte punge ut ekstra for å få dei hendene og hovuda han og Stavanger trengde. Men han tok konsekvensen av at stoda var som ho var, med heilt naudsynte oppgåver som berre måtte gjerast. Ved ein korsveg trur eg at den norske stat heller ikkje kjem unna dette. Strikken i helse-og omsorgsvesenet vårt synes å vere strekt til det ytterste, med stadig fleire oppgåver, og færre og færre hender til å utføre dei. Dermed kjem slike hender og hovud i kategorien «etterspurd arbeidskraft», og då slær marknadskreftene inn i både det offentlege og det private. Anten kjem vi opp med det som krevst av midlar og sosiale ordningar, eller så uteblir både hovuda og hendene. Vi ser konturane av sistnemnde, med eldre som ikkje får det stell dei har fortent etter eit langt liv, sjukehusavdelingar som blir nedbemanna eller stengde, og personell som spring føtene av seg. På det dei måtte ha av fritid gret dei sine modige tårer av di dei ikkje får gitt den hjelp dei så inderleg gjerne vil.
Vi kan ikkje forvente at folk tek lange utdanningsløp, for så å bli avspist med godtgjersler som ikkje held mål i dagens Norge. Og eg trur heller ikkje at ei konkurransedyktig løn til sjukepleiarane og helsearbeidarane våre er det som køyrer norsk økonomi i grøfta. Kanskje er tida inne til å stille nokre heilt essensielle spørsmål, i staden for å berre strame skatteskruen: Sløsar vi vekk dei skattepengane som heller skulle ha gitt helsearbeidaren såpass å rutte med at naudsynt arbeid vart gjort? Er her for mange høvdingar, og for få indianarar? Blir konsulenttenestene prioritert framfor den velsmakande middagen som 85-åringen må klare seg utan? Enkelt sagt; er det norske helse-og omsorgsvesenet, og for den del det norske samfunnet blitt så gjennom-byråkratisert at dei heilt kvardagslege tenestene ikkje blir levert? At dei endar i eit uverdig spel mellom stat og kommune, der kommunane taper kvar gong, og dei som sit på toppen og pengesekken ikkje tek det ansvaret dei vitterleg sa seg villige til då dei ba om røysta vår.
Ingvild Kjerkol har fått elendigheita i fanget. Kanskje ufortent! Men ho bør no nytte sjansen til å rydde opp, eller i alle fall starte oppryddinga. Ho kan byrje med å gje Jonas og Trygve grei beskjed om å finne ut kor henne motoren i statsskuta lek smøreolje. For alt tyder på at det gjer han, og den oljen som skulle smøre helse-og omsorgsvesenet vårt i staden renn ut over alskens kontorgolv. Eller på Follobanen!