Like før klokka 16 rykka brannmannskap ut til Kleivabergvegen i Stongfjorden i Askvoll.

Dei var på staden og gjorde undersøkingar, etter mistanke om at ein nitrogentank har sprunge lekk, melde politet på Twitter.

Siste melding frå staden er ifølgje Firda at det berre var snakk om ein trykkventil som sleppte ut overskotstrykk - nett slik den skulle gjere.