Innsiget av laks i Sunnfjord og Sogn er kritisk lågt. No blir det tidlegar stogg i elvefisket mange stadar

TIDLEG STOGG: På grunn av kritisk dårlege fangstrapportar, kuttar no Miljødirektoratet laksefiskesesongen i mange elvar i fylket med to veker. Her frå laksefiske i Osen-vassdraget i Flora.

TIDLEG STOGG: På grunn av kritisk dårlege fangstrapportar, kuttar no Miljødirektoratet laksefiskesesongen i mange elvar i fylket med to veker. Her frå laksefiske i Osen-vassdraget i Flora. Foto:

FLORØ: Miljødirektoratet tek no grep og kuttar fiskesesongen i mange elvar i fylket, etter svært magre fangstrapportar.

DEL

Tysdag kom meldinga om at Miljødirektoratet pålegg fiskestogg i lakseelvane i Sogn og Sunnfjord. Elvar som vanlegvis har fiske ut august månad, må no stogge fisket allereie 17. august.

Bakgrunnen er at innsiget av laks i Førdefjorden og i Sognefjorden er dramatisk lågt i år, og utviklinga i vårt fylke er betydeleg dårlegare enn landet sett under eitt. Det har ført til lite oppgang av laks i mange elvar. Laksefiskarar her i fylket har i vekesvis klamra seg til ulike forklaringsmodellar for det elendige fisket. Lite vatn somme stadar, og teoriar om at det har vore så mykje mat for laksen ute i havet i år at innsiget har blitt forsinka, har blitt lansert som teoriar.

Men talas tale har vore skremmande klåre: I Lærdalselva har det til dømes kun blitt landa ein sjettedel av det som blei fiske i 2016, ifølgje Scanatura, verktøyet som løpande oppdaterer innrapporterte fangstar.

– Fangstane av laks i elvene i regionen er betydeleg lågare enn dei brukar å vere. Å stanse fisket tidlegare enn varsla, er eit tiltak for å sikre nok gytefisk i elvene til hausten så vi kan nå  gytebestandsmåla, seier Line Fjellvær, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Vedtaket om innskrenkingar i fisketid gjeld for elvar der det ikkje ligg føre avtale med Fylkesmannen om tiltak viss midtsesongs-evalueringar viser at gytebestandsmåla står i fare for ikkje å bli nådd. Dermed er elvar som Osenelva, Naustda, Vikja og Lærdalselva, ikkje berørt av vedtaket.

Det er heller ikkje lagt avgrensingar på fiske etter laks i sjø.

Du kan lese heile vedtaket og kva elvar det gjeld for, på Miljødirektoratet sine nettsider.

Artikkeltags