– Det er ingen som veit kva vi skal leve av i framtida, men ein ting veit vi og det er at den må vere grønare, seier Marit Gjerstad.
På måndag inviterer Flora Venstre alle som har interesse, kunnskap og lyst til å delta på seminar om grøn vekst.
– Vi får besøk av spennande bedrifter som Nordtekstil som skal fortelje om si omlegging til ein grønare produksjon, det blir paneldebatt og Trond Strømgren kjem å snakkar om framtidas ingeniørar og det store moglegheitene innan Subsea, fortel Gjerstad.
Ho understrekar at tida er inne for at Flora tar ein posisjon innan grønare vekst.
– Folk er oppteken av miljø. Dette er ein moglegheit for Flora-samfunnet, med privatpersonar, bedrifter og næringar, til å komme saman og diskutere kva vi kan gjere i fellesskap. Olja er viktig, og Norge skal leve av den i mange år framover, men det er likevel viktig at den kunnskapen ein har opparbeida seg, no blir flytta over i grønare vekstnæringar.