Struts på rømmen

Struts på rømmen.

Struts på rømmen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Saknar du strutsane dine? Dei er på rømmen på Nordfjord sørside.

DEL

– Kanskje dei kom med bussen, humrar Gunnar Liseth, som har observert tre strutsar som passerte i morgontimane onsdag.  Han har prøvd å få kontakt med dei for å stoppe dei, men dei var ikkje lette å komme inn på.

Han kan kontaktast dersom nokon saknar dei vandrande kjempefuglane. (tlf 90 10 60 48) Kanskje ei sak for regjeringa sitt nye dyrepoliti?

I 12-tida var strutsane vekke.

– Vi såg ikkje kva retning dei kom i frå, då eg såg dei først - kom dei nede på vegen. Det er litt av ein fart på dei når dei fær avgarde i lange klyv.  No fortel naboen at dei sikkert har reist til skogs. Det var truleg ungfuglar, ut frå grå-fargen å dømme, fortel Liseth.

Åse R. Sæter i Gloppen trur det må vere ein annan skapning enn struts.

– Eg trur det må vere trane! Det landa nokon traner her på markane i dag. Det er svære fuglar!

Dombestein i Nordfjord.

Dombestein i Nordfjord.

Artikkeltags