Får du ikkje med deg supermåne-formørkinga måndag, må du vente 32 år på neste

Denne måneformørkinga blei fotografert i California i 2014.

Denne måneformørkinga blei fotografert i California i 2014. Foto:

NATUR: Ei måneformørking kan vere ei spesiell oppleving - særleg om du har førebudd deg litt.

DEL

På morgonen måndag 21. januar inntreff ei stor og spektakulær måneformørking som blir synleg over heile landet, inkludert Svalbard, fortel Astroevents i ei pressemelding.

Månen er spesielt nær Jorda under denne hendinga, så til liks med formørkinga 31. januar i fjor, blir dette ei såkalla supermåneformørking.

Den neste supermåneformørkinga inntreff først i 2051.

Begge dei store måneformørkingane i 2018 fann stad medan Månen sto lågt på himmelen, og fenomena var difor ikkje så enkle å oppleve, med mindre 
ein hadde fri og låg horisont. Denne gongen står Månen eit godt stykke opp på vesthimmelen, og formørkinga vil difor vere betydeleg enklare å følge.

Den startar klokka 03.36 norsk tid i det Månen byrjar å bevege seg inn i halvskuggen fra Jorda. Det vil ikkje vere særleg merkbart i byrjinga, men etter rundt ein halvtime vil ein kunne sjå at fullmånen har fått eit litt dempa lys. Klokka 04.34 byrjar Månen å komme inn i heilskuggen fra Jorda. Klokka 05.41 er Månen fullstendig inne i heilskuggen og det vil vere mørkast rundt midtpunktet klokka 06.12. Klokka 06.44 byrjar den avsluttande delvise fasen, som varer til 07.51, og deretter følger ei gradvis lysare halvmåneformørking som vil vere heilt over klokka 08.48.

Ein vanleg fullmåne lyser 33.000 gongar sterkare enn den klåraste stjerna, Sirius, og heile 1000 gongar sterkare enn alle stjernene på himmelen til saman.

Supermåne inntreff når det er fullmåne (eller nymåne) med den minste moglege avstanden til Jorda. Totale formørkingar av supermånar er sjeldne; det har vore åtte slike hendingar sidan 1900: I 1910, 1928, 1946, 1964, 1982, 2015, 2017 og 2018.

Sjølv om alle fasar av formørkinga er flotte å sjå utan 
hjelpemidlar, gjer ein kikkert det mogleg å følge fenomenet meir i
detalj, og ein kan sjå korleis landskapstrekka på Månen blir formørka. 
Opplevinga vil også bli flottare om ein befinn seg på ein mørk 
stad utan kunstig belysning. I litt over ein time vil himmelen være betydeleg mørkare enn normalt under fullmånar, og det blir mogleg å sjå lyssvake objekt. Fordi jordskuggen er krumma, vil ein under dei delvise fasane ha ei unik moglegheit til å sjå at Jorda er rund.

Artikkeltags