Fylkesveg 614 mellom Breivika og Svelgen vert stengd natt til fredag, dette melder Vestland fylkeskommune. Vegen vert stengd frå torsdag 16. juni klokka 22.30 til fredag morgon klokka 05.30.

Stenginga kjem i samband med at vegen skal asfalterast, og det vert difor behov for omlegging av trafikk. Utrykkingskøyretøy kan passere.