Gå til sidens hovedinnhold

Nasjonal væpning av politiet mellom 19. og 23. juli

Politidirektoratet har vedteke nasjonal væpning av politiet for å tryggje gjennomføringa av planlagde arrangement mellom 19. og 23. juli.

Væpninga er for å tryggje større folkesamlingar i tilknyting til den islamske høgtida Id al-adha og markeringar og arrangement i samband med at det er ti år sidan terrorangrepa 22. juli 2011, ifølgje politiet.

− Markeringane vil gå føre seg spreidd over heile landet, og det er vedteke å sikre ein einskapleg praksis for beredskapen til politiet desse dagane, seier seksjonsleiar Jørn Schjelderup i Politidirektoratet i ei pressemelding.

Det er ingen konkret trussel som er bakgrunn for væpninga. Politiets tryggingsteneste (PST) vurderer framleis terrortrusselen i Noreg som «moderat».

Kommentarer til denne saken