Rulla opp narkomiljø

Opprulling: Florapolitiet rulla i oktober opp eit narkomiljø i Florø. Tre av dei pågripne var så unge at dei blir tilbydd ungdomskontrakt og oppfølging frå politiet.Foto: arkiv

Opprulling: Florapolitiet rulla i oktober opp eit narkomiljø i Florø. Tre av dei pågripne var så unge at dei blir tilbydd ungdomskontrakt og oppfølging frå politiet.Foto: arkiv

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

I oktober starta politiet i Florø opprullinga av narkosaka, der totalt 29 personar vart tekne, og ein no er dømd til fengsel.

DEL

I midten av oktober melde Firdaposten at politiet hadde rulla opp eit narkomiljø i Florø. Ei rekke personar vart arresterte, to vart varetektsfengsla og ein serveringsstad vart mellombels stengd.
No har politiet komme fleire steg vidare i saka.
– Totalt vart 29 personar arresterte og sikta for bruk eller oppbevaring av narkotika. Personane er i aldersgruppa 16 til 48 år. Ein del av desse er bøtelagt, og ein er dømt til eit år og sju månader i fengsel, fortel politistasjonssjef Robert Veseth.
Mannen som må i fengsel er dømt for å ha kjøpt 4,2 kilo hasj/ marihuana, og for å ha seld vidare minst tre kilo av dette, fortel Veseth.
Ein annan av dei arresterte sit framleis i varetekt.

Unge misbrukarar

Nokre av dei arresterte var kjenningar av politiet, andre ikkje. Og enkelte av dei var veldig unge. Politistasjonssjefen fortel at tre av dei involverte i saka er så unge at dei blir tilbydd «ungdomskontrakt».
– Dette er ein frivillig avtale mellom ungdommen og politiet og påtalemakta. Det går ut på at personen må møte på politihuset eit visst tal gonger for oppfølging med samtale og avlegging av urinprøve, fortel Veseth.
– Det vert brukt narkotika i yngre rekker i Florø, og desse nye brukarane er eit av satsingsområda våre. Vi ønsker å hindre nyrekruttering til narkotikamiljøa, og hindre at dei unge vi møter held fram med å bruke narkotika, seier han.
Førsteprioriteten til politiet er å prøve å ta ut omsetningsledd, og såleis stanse spreiinga av narkotika. Dette var også formålet med aksjonen i oktober.

Beslagla narkotika

Politiet beslagla 93 gram amfetamin i samband med denne saka, 136 gram hasj, rundt 300 tablettar av ulike sortar, anabole steroid, marihuana, cannabisfrø og fleinsopp.
No er politiet i ein avslutningsfase etter opprullinga.
– Vi jobbar med å avslutte dei sakene som er påbegynt. Det står att litt etterforsking i enkelte av sakene, og det vil vi halde fram med i romjula og over nyttår, seier Veseth.
 

Artikkeltags