Gabriel går «all inn» som gründer

VIL SKAPE EIGA BEDRIFT: I samarbeid med Aksello jobba Gabriel Ossenkamp iherdig med å skape si eiga verksemd ved å produsere mikroalgar eit test-drivhus. Foto: Tarjei Langeland

VIL SKAPE EIGA BEDRIFT: I samarbeid med Aksello jobba Gabriel Ossenkamp iherdig med å skape si eiga verksemd ved å produsere mikroalgar eit test-drivhus. Foto: Tarjei Langeland

Artikkelen er over 3 år gammel

Med Innovasjon Norge på laget satsar Gabriel Ossenkamp med hud og hår på gründerverksemda FjordAlg.– Ein lang og kronglete veg å gå, men eg har tru på at dette kan bli industrielt.

DEL

Den tidlegare direktøren ved Elkem Bremanger er takka vere god hjelp frå Florø Glass og Lås i ferd med å bygge drivhus til eit pilotanlegg heime i hagen for produksjon av mikroalgar.

Kjemikar

Han har ei solid fagleg ballast som kjemikar og lang erfaring med å drive industriproduksjon 24/7.

FjordAlg-prosjektet har han jobba med i samarbeid med industriinkubatoren i næringsselskapet Aksello. Tidlegare heitte det Fram Flora, men dette er no gjort om til eit næringsselskap for heile fylket.

– Eg har fått veldig god hjelp frå seniorkonsulent Arne Olsen, inkubatorleiar Vanja Viken i Aksello, samt mentor Knut Eikeland , understrekar Ossenkamp.

Med ei tolmodig kone på laget så satser eg på dette prosjektet på heiltid.

Gabriel Ossenkamp

Det er to produktområde som peikar seg ut; alger som kosttilskot eller til å produsere fargestoffet astaxanthin.

Som kosttilskot jobbar han med algen Spirulina, som mellom anna er kjent brukt til såkalla «superfood».

Den fargeproduserande mikroalgen heiter Haematococcus pluvialis.

Fargestoff til laks

Astaxanthin er særleg interessant for den norske lakseindustrien, som etter den store volumveksten dei siste tiåra no brukar kring 95 prosent syntetisk fargestoff, for å gje oppdrettslaksen ein tilsvarande farge som villaksen har.

I naturen beitar storlaksen i havet på krepsdyr som marflo, som gir laksen den markante raudfargen i kjøtet. Krepsdyra har fått denne raude fargen frå algene som dei lever av.

Aksello

Selskapet Sunnfjord 2020 Prosjekt AS vart skipa i 2003. Dette blei gjort av Flora kommune,i regi av KF Hamn og Næring saman med Flora Industri og Næringsforening.

Våren 2004 vart selskapet Flora Næringshage AS skipa. I 2010 tok selskapet Fram Flora over.

I 2016 fekk Fram Flora ein ny periode med Siva sitt inkubatorprogram. Ein valde no å satse på heile fylket som strategisk nedslagsfelt og å få meir effekt ved å søkre breiare samarbeid.

– Utover bedrifter som jobbar med marinfisk og produserer mikrolager til sin eigen yngelproduksjon, er det få algeproduserande verksemder. Eg kjenner til ei bedrift i Sverige og ei på Mongstad som jobbar med produksjon av omega 3-fettsyrer. Men begge desse jobbar med ein eldre og dyrare teknologi.

Innovasjon Norge har løyvd etablerartilskot til Ossenkamp på til saman 605.000 kroner- førutsett at det kjem private midlar inn i satsinga også.

Marknadsundersøking

Støtta skal gå til å gjennomføre ei marknadsundersøking og å ta dei første stega med utprøving av produksjon. På lenger sikt handlar det om oppskalering og få ein avtale om eigna lokalitetar.

Det er ikkje på plass enno, men han har ein konstruktiv dialog med Steinvik Fiskefarm og Alex Vassbotten.

Ossenkamp opplever at det er eit spanande næringsmiljø i regionen med mange aktørar og ulike satsingar i marin sektor.

– Med ei tolmodig kone på laget så satser eg på heiltid på prosjektet, avsluttar han.

Mikroalgar

Mikroalgane er næringsgrunnlaget for det aller meste av livet i havet og står for ca. 40 prosent av all fotosyntese og oksygenproduksjon på jorda. Dei finst over alt der det er eigna lys og fuktigheit.

Alger lever også på land, i jorda, på fuktige overflater av tre eller fjell eller i symbiose med andre organismar, som i lav. Mikroalgene er eincella organismer, men kan leve saman i koloniar, i lange kjeder eller saman i andre former. Dei minste cellene kan vere så små som 1 mikrometer (tusendels millimeter).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken