Politimelder vindturbin-transport

Leveranse av rotorblad frå danske Vestas på Fjord Base. Desse skal til Hennøy Vindkraftverk for å bli montert i haust.

Leveranse av rotorblad frå danske Vestas på Fjord Base. Desse skal til Hennøy Vindkraftverk for å bli montert i haust. Foto:

Statens vegvesen melder det danske transportselskapet som fraktar vindturbinar til Hennøy til politiet for brot på konkurranseregelverket.

DEL

For ei veke sidan slo Statens vegvesen til med kontroll mot lastebil-selskapet, melder NRK.

Vegvesenet blei tipsa om ulovleg transport ved Svelgen og kontrollen viste i følge faggruppeleiar Thormod Gausdal at transportselskapet ikkje følgjer regelverket for utanlandske selskap som opererer i Norge.

Sjåførane høyrer til selskapet Frank Nørager. Eit underselskap til Silvasti, som har kontor i Finland, Danmark, Russland og Polen. Sjåførane var utanlandske og køyretøy er registrert i Danmark.

Regleverket slår fast at i utgangspunktet skal godstransport berre utførast i landet ein kjem frå. Dersom ein køyrer gods til eit anna land, har ein som regel ikkje lov til å ta lokale oppdrag som konkurrerer med sjåførar i det aktuelle landet. Det er høve til å ta tre tilfeldige lass i Norge i løpet av sju dagar, dersom ein har internasjonal last med seg inn i Norge. Denne transporten har skjedd over lang tid.

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) stadfestar at dei stod bak tipset som førte til aksjonen. Dei har fått tilbakemelding på liknande forhold ulike stadar i landet og meldt fleire saker til politiet og Statens vegvesen.

Silvasti og Frank Nørager fekk avslag frå Samferdsledepartementet i to saker i 2017. Det eine handla om frakt av 33 vindturbinar mellom Egersund hamn til Tellenes vindpark. Det andre gjaldt frakt av vindmølledelar frå Båtsfjord hamn til Hamnefjellet.

Det er 7–9 norske selskap som både har utstyr og kompetansen som skal til for å drive den type transport.

Selskapet Silvasti, som eig det danske selskapet Frank Nørager, avviser overfor NRK at dei har gjort noko gale.

Eit tema i denne saka kan bli om kvart lass kan vere å rekne som eit separat oppdrag, eller om kontrakten på frakt av delene til vindparken kan reknast som eit oppdrag.

Artikkeltags