Lokale bedrifter imponerte ministeren: – De kan vere med å løyse globale utfordringar

– I Sunnfjord jobbar ein med berekraft i praksis, bedriftene her har teknologi og løysingar som har stor betydning ute i verda. Det sa utviklingsminister Dag-Inge Ulstein då han trefte lokalt næringsliv torsdag.

DEL

Utviklingsministeren er imponert av næringslivet i Sunnfjord:

– I Sunnfjord jobbar ein med berekraft i praksis, bedriftene her har teknologi og løysingar som har stor betydning ute i verda.

Statsråd Dag-Inge Ulstein meiner næringslivet i Sunnfjord kan vere med på å løyse globale utfordringar.

Torsdag møtte utviklingsministeren og Norec representantar frå Tibber, Brødrene Dahl, Evoy, Florø hamn, samt næringsklynga Hub for Ocean og inkubator Aksello i lokala til Peak Sunnfjord i Førde.

– Den grøne tråden for bedriftene på Vestlandet er berekraft, det er bra for business og miljøet. Felles for alle er at her jobbar dei med FN sine berekraftsmål i praksis gjennom nytenkande løysingar. Dette vil vi ha meir av. Næringslivet må med dersom verda skal nå berekraftsmåla, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

Grøn tankegang

Teknologibedrifta Tibber frå Førde har etablert kontor i Helsinki, Stockholm, og snart Berlin – og jobbar internasjonalt. Deira uttalte mål er å sikre at 10 millionar hushaldningar i Europa vert fornybare og får 20 prosent lågare straumforbruk.

Dag-Inge Ulstein og Jan Olav Baarøy i Norec

Dag-Inge Ulstein og Jan Olav Baarøy i Norec

– Vi trur ikkje at stat og myndigheiter er nøkkelen til å løyse klimautfordringane, men at vi må ha med folk i gata. Her vil vi vere med å gje dei tilbod om fornybar energi og løysingar som kostar mindre, seier gründer Edgeir Aksnes i Tibber.

Det er denne type satsingar ministeren vil sjå meir av. Sidan flyttinga har direktør i Norec Jan Olav Baarøy blitt godt kjent med det grøne, men lågmælte næringslivet på Vestlandet. Han ønskte difor å vise ministeren det viktige arbeidet som vert lagt ned på Vestlandet for å nå berekraftsmåla.

– Det går ei rett linje frå verksemdene på Vestlandet til løysinga av globale utfordringar. Vi skal halde fram med å snakke saman, men enno viktigare er det å handle – slik bedriftene i Sunnfjord viser oss, seier Jan Olav Baarøy, direktør i Norec.

-Vi må jobbe på tvers av nasjonale og internasjonale grenser

Dei største vekstmarknadene dei neste tiåra er i det globale sør. I Afrika må ein skape ein million arbeidsplassar kvar månad for å sikre tilgang på jobbar. Sidan 9 av 10 jobbar i Afrika vert skapt i privat sektor, er næringsutvikling ein nøkkelfaktor for å få dette til. Aksello og Norec inngjekk nyleg ein samarbeidsavtale om å fremme vestlandsnæringsliv og utveksling med næringsliv i land i sør.

– Vi ser på moglegheitene for utveksling for næringslivet i fylket med land i sør. Utveksling er eit viktig reiskap for å styrke internasjonalt samarbeid og auke kunnskap, seier Lone Bareksten, leiar i Aksello.

Internasjonalt samarbeid vert samstundes dratt fram av Kristin Svardal frå næringslivsklynga Hub for Ocean. Hub for Ocean har 70 medlemsbedrifter innanfor havbasert næring. Særskilt jobbar dei med maritim hydrogensatsing.

– At bedriftene jobbar med berekraft ser vi som eit konkurransefortrinn. Vi er lokalisert i Florø men har medlemsbedrifter over heile fylket, og saman jobbar vi regionalt, nasjonalt og internasjonalt. For å realisere berekraftsmåla må ein ha med det internasjonale miljøet og samarbeide på tvers av grenser, avsluttar Svardal.

Artikkeltags