Tidenes beste halvår for norsk sjømateksport

Norge eksporterte 1,3 millionar tonn sjømat til ein verdi av 51,2 milliardar kroner i første halvår i 2019.

DEL

Norge eksporterte 1,3 millionar tonn sjømat til ein verdi av 51,2 milliardar kroner i første halvår 2019.

Dette er ein nedgang i volum på 13 prosent målt mot første halvår i 2018. Men samstundes er verdiveksten på sju prosent, eller 3,1 milliardar kroner målt mot same halvår i fjor. Det melder Norges sjømatråd.

– Norge har aldri før eksportert sjømat for så store verdiar i eit halvår. Norsk laks står for omtrent to tredelar av verdiveksten dette halvåret, og vi ser også ei fin verdiauke blant anna i skalldyreksporten, seier Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Norges sjømatråd.

Volumnedgangen sett opp mot same periode i fjor skuldast i all hovudsak redusert eksport av kolmule og manglande loddekvote.

– Det er jamt over god etterspurnad etter norsk sjømat, og vi ser betre marknadstilgang til enkeltmarknader. I tillegg har eksportverdien blitt påverka av valutasituasjonen, der ei svak norsk krone har gitt høgare prisar på eksport av norsk sjømat til euro- og dollarmarknader. Summen av dette er eit rekordsterkt halvår for norsk sjømateksport», seier Gangsø.

Norge har eksportert 163.000 tonn sjømat til ein verdi av 7,9 milliardar kroner i juni månad. Det er ein volumnedgang på 19 prosent. Verdien er på same nivå som i juni 2018.

(Saka held fram under)

Sterk vekst for laks

Norge har eksportert 506.000 tonn laks for 34,6 milliardar kroner i første halvår. Det er ei auke på 5 prosent målt i volum, mens verdien auka med 2,1 milliardar kroner eller 6 prosent samanlikna med første halvår i fjor. Polen, Frankrike og Danmark var største mottakarane av laks frå Norge i første halvår 2019.

– Vi har hatt ein sterkare produksjonsvekst av laks i første halvår enn det som var forventa ved starten av året. Samstundes har vi hatt ein vekst i etterspurnaden, spesielt frå EU og Asia. Dette, i tillegg til ei svak krone, forklarar at vi både har prisvekst og auke i volum samstundes, seier Gangsø.

Så langt i år er det vekst i både verdi og volum i eksporten av fersk laks til Kina. Samla er det eksportert 12.130 tonn fersk laks frå Norge til Kina etter årets seks første månader. Det er allereie meir enn det blei eksportert i heile 2018, då 12.000 tonn laks frå Norge blei sendt til Kina.

– Meir laks inn i Kina

– Vi ser no betydeleg meir norsk laks inn i Kina. Den auka eksporten skuldast hovudsakleg betra marknadstilgang i form av meir effektiv handel, og at nye produsentar har fått tilgang til marknaden. Gjennomsnittleg kjem det rundt 200 tonn meir norsk laks inn i Kina kvar veke enn same periode i 2018, seier Victoria Braathen, Sjømatrådets fiskeriutsending i Kina.

– Held veksten fram vil Norge eksportere meir enn 20.000 tonn laks til Kina i løpet av 2019. Norge held fram å styrke posisjonen sin, og tar ein stadig større del av etterspurnadsveksten i marknaden, seier ho.

I juni månad har Norge eksportert 82.300 tonn laks til ein verdi av 5,7 milliardar kroner. Det er ein nedgang i volum på tre prosent, mens verdien auka med to prosent, eller 133 millionar kroner mot første halvår i fjor.
Gjennomsnittsprisen for fersk heil laks auka frå 61,77 kroner til 64,20 kroner per kilo. 

Artikkeltags