Gigantoppdrett til havs krev stor sikkerheit

Ocean Farm blir verdas første havbaserte oppdrettsmerd for laks. Den byggar på dei samme grunnlegjande eigenskapar som halvt nedsenkbare installasjonar offshore.

Ocean Farm blir verdas første havbaserte oppdrettsmerd for laks. Den byggar på dei samme grunnlegjande eigenskapar som halvt nedsenkbare installasjonar offshore. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Då myndigheitene lokka med utviklings-løyver svarte ei luse- og rømming-hemma oppdrettsnæring med milliardplanar for å gå til havs og ta knekken på lusa.

DEL

Frå 20. november i fjor opna Nærings- og fiskeridepartementet for søknadar om såkalla utviklings-løyver til oppdrettsnæringa. Med lokkemiddel som graties konsesjonar og kommersielle løyver, skulle myndigheitene stimulere til prosjekt som utvikla ny teknologi.

Ved inngangen til oktober har til saman 37 store og små grupperingar søkt om 279 løyver på til saman 217.200 tonn laks. Til no er fire søknader avslått og 32 framleis til behandling viser ei oversikt frå Fiskeridirektoratet.

Blant søkarane frå Sogn og Fjordane er Steinvik Fiskefarm AS, Norsk Marin Fisk og Stjernefarm, Stadion Laks SUS, Marine Harvest Norway AS og Eide Fjordbruk AS.

Les også: Stig Bakke og Norsk Marin Fisk kastar seg inn i konkurransen med dei store aktørane om utvikling av framtidas miljøvennlege oppdrettsteknologi.

Gigantmerd

Enno er det berre Salmars dotterselskap Ocean Farming som har fått innvilga søknad. Prosjektet er å bygge ei gigantmerd i Kina til ein prislapp på 690 millionar kroner. Merden skal bli åtte gonger større enn ei konvensjonell merd og har ein diameter som langsida på ei fotballbane. 

– Bygginga har starta, og vi legg opp til å sette fisk i merden i løpet av månadsskiftet august-september neste år. Vi ligg dermed først i løypa for å starte produksjon på utviklingskonsesjonar, seier administrerande direktør Leif Inge Nordhammer i SalMar til NTB.

Lukka einingar

Stikkordet i dei aller fleste søknadane er lukka einingar. Steinvik Fiskefarm har søkt om midlar til flytande, lukka oppdrettsanlegg, medan Marine Harvest satsar på eit lukka «egg» på 44x33 meter. Egget skal romme 1000 tonn med laks og har fått namnet «Marine Donut».

Norsk Marin og Stjernefarm SUS har søkt om tre løyver til 2340 tonn fisk, til behandling mot lus med ferskvatn i lukka tankar.

Ingen av fylket oppdrettarar han fått godkjent eller avslått søknadane sine enno.

Krev stor sikkerheit

Dei nye anlegga krev ei heilt anna og atskilleg strengare sikkerheitsregime enn dei vanlege konvensjonelle anlegga i dag.

Det seier avtroppande instituttleiar for marin teknikk ved NTNU, Harald Ellingsen, til NTB.

Anlegga må vere vanttette samstundes som bedriftene tek i bruk sikkerheits- og systemtenking frå offshore og flyindustrien.

– Konsekvensane av ei hending er enorme dersom all laks i eit slikt gigantanlegg skulle komme på avveg. I tillegg ville det bli eit enormt tilbakeslag for norsk havbruk dersom noko slik skulle skje, seier han til nyheitsbyrået.

Artikkeltags