Meiner Prosafe-dommen er djupt urettferdig, no ankar Westcon

Westcon Group sitt verft i Ølen i Rogaland hadde ingen stor suksess med ombygginga av flotellet Safe Scandinavia. Dei tapte rettssaka i Stavanger tingrett der motparten Prosafe blei tilkjent 344 millionar kroner. Men no går det mot anke, fortel konsernsjef Arne Birkeland.

Westcon Group sitt verft i Ølen i Rogaland hadde ingen stor suksess med ombygginga av flotellet Safe Scandinavia. Dei tapte rettssaka i Stavanger tingrett der motparten Prosafe blei tilkjent 344 millionar kroner. Men no går det mot anke, fortel konsernsjef Arne Birkeland. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Striden rundt ombyggings-sprekken av bustadplattform held fram.

DEL

I mars i år kom Stavanger tingrett fram til at verftskonsernet Westcon må betale bustadriggselskapet Prosafe 344 millionar kroner etter at ombygginga av plattforma TSV Safe Scandinavia i Ølen enda med ei sluttrekning på 2,4 milliardar kroner. Det var 1,3 milliardar meir enn budsjettert.

No har Westcon bestemt seg for å anke dommen.

Har vurdert grundig

- Vi er djupt usamde i konklusjonen frå Stavanger tingrett, seier Arne Birkeland, CEO i Westcon Group til Firdaposten.

Ifølgje Birkeland har verksemda hans no brukt tida sidan midten av mars til å vurdere dommen, og konklusjonen er at dei tek saka vidare opp i rettssystemet.

Ombyggingsprosjektet det stridast om starta i 2014, då Statoil skreiv kontrakt med Prosafe om leige av riggen Safe Scandinavia til Osebergfeltet.  Men flotellet trong ombygging for å fungere som støttefartøy for boring, og Westcon fekk kontrakten på ombygginga.

Sprakk i kroner og på tid

Avtalen var at ombygginga skulle vere ferdig i første halvår av 2015, men planen sprakk både på tid og kost, og plattforma kunne ikkje stå ferdig før mars 2016. I mellomtida valde Statoil å seie frå seg dei fire opsjonane som bruken av Safe Scandinavia var tiltenkt brukt til.

Rettssaka starta i Stavanger i august 2017, og gjekk over ni veker. Då uttalte verftseigar Øystein Matre til Finansavisen at han ikkje kjende seg att i Prosafe si framstilling, og at Westcon ikkje hadde kravd meir enn timerater ut frå dei vilkåra som var avtalt. Han peikte også på at ombygging av eldre riggar er krevjande og komplisert.

Artikkeltags