Gjøa er oppe og går igjen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det skriv offshoreenergytoday.com.

Produksjonen på Gjøa vart stengd ned og plattformen evakuert, då det vart oppdaga ein gasslekasje om bord den 21. juni. I ettertid sette Petroleumstilsynet i gong etterforsking.

Etter omfattande inspeksjonar, er det no klart at årsaka til lekkasjen var ein sprekk i eit rør som var forbunde med ei kondensatpumpe, i følgje nettstaden. Det er funne sveisefeil i pumpa der lekkasjen oppstod, og seks andre kondensatpumper. Dette er no utbetra.

Gjøa vil no gradvis auke produksjonen og ein reknar med å vere tilbake på normalnivå innan kort tid.

Artikkeltags