Oljeselskapet Neptune kjøper seg inn i Nova – slår dermed endå djupare røter i Florø

NEPTUNE: Gjøaplattforma til Neptune Energy AS sørger for aktivitet ved Fjord Base i tida som kjem.

NEPTUNE: Gjøaplattforma til Neptune Energy AS sørger for aktivitet ved Fjord Base i tida som kjem. Foto:

NÆRINGSLIV: Neptune Energy har kontroll over Edison sine 15 prosent eigardel av Nova-funnet.

DEL

Neptune Energy som eig og driv Gjøaplattforma har styrka sitt nærvær på sokkelen vår. Måndag vart det nemleg inngått ein sals- og kjøpsavtale med Energean Oil and Gas om overdraging av den britiske og norske delen av oljeselskapet Edison E&P. Med det får Neptune kontroll over Edison sine 15 prosent eigardelar av Nova-funnet på sokkelen «vår». Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Nova-feltet er i ferd med å bli bygd ut som ein undersjøisk tilknyting til Gjøa-feltet, som blir operert av Neptune. Produksjonsoppstart er venta i 2021, og ein reknar med at feltet inneheld meir enn 11 millionar fat oljeekvivalentar.

– Det å sikre seg ein solid del av Nova er derfor noko vi har arbeida for lenge. Neptune har no rettar i alle felt og funn som per no har tilknyting til Gjøa, seier administrerande direktør Odin Estensen i Neptune Energy til Firdaposten.

Styrkar posisjonen

Estensen strekar under at dette kjøpet også er med på å styrke røtene dei har til Florø og sokkelen utanfor kysten vår. For Gjøa har sin logistikk- og forsyningsbase i Florø. Eit styrka Gjøa bidreg til ytterlegare ringverknader i Florø og regionen elles; Aktiviteten frå dei tre utbyggingsprosjekta som blir knytt til Gjøa gir meir helikoptertrafikk, fleire forsyningsskip til og frå Fjord Base, auka aktivitet på Neptune sin subsea-verkstad og lager- og varemottaket deira. I tillegg gir alt dette oppdrag til fleire underleverandørar på basen i Florø.

– Avtalen om å kjøpe Edison E&P styrker vår posisjon i Gjøa-området og er i tråd med strategien vår. Gjøa-feltet er hovudområdet vårt på norsk sokkel, og Nova passar perfekt inn i den posisjonen vi jobbar med å bygge opp. Saman med feltet Dvalin i Norskehavet aukar Nova produksjonen vår med til saman 12 000 fat oljeekvivalentar per dag løpet av de neste to årene. Gjøa er i ferd med å bli det knutepunktet i nordre del av Nordsjøen som det var bygd for å vere. Innan 2021 vil Nova, Duva og Gjøa P1 koplast til Gjøas subsea-anlegg for produksjon av olje og gass. Dette bidrar til å auke lønsemda og forlenge levetida til Gjøa med fleire år, faktisk helt fram mot 2030, seier Estensen.

I gang med Duva og P1

Men det skjer også meir spennande på sokkelen vår. I november startar Neptune ein ny borekampanje i Gjøa-området. Den heilt nye boreriggen «Deepsea Yantai» vil først starte med boring på Duva-feltet. Duva er operert av Neptune og ligg kring 14 kilometer nordaust for Gjøa. Dette feltet blei funnen hausten 2016, då under namnet «Cara».

Det er planlagt tre produksjonsbrønnar som skal koplast til Gjøa sitt subseaanlegg via ein 9 kilometer lang røyrleidning. Forventa produksjonsstart er første kvartal 2021.

«Deepsea Yantai» skal også bore tre nye produksjonsbrønnar på nordre del av Gjøa-feltet, kalla Gjøa P1. Også P1 skal koplast til Gjøa sitt subsea-anlegg, då via ein 5 kilometer lang oljerøyrleidning og ein 2 kilometer lang gassleidning. Forventa produksjonsstart er første kvartal 2021.

P1 vil auke utvinninga på Gjøa med om lag 12 prosent. Produksjon av både Duva og P1 vil bidra til å utnytte ledig produksjonskapasitet på Gjøa-plattforma, og er dermed med på å forlenge levetida til plattforma.

Total investering for utbygging av Duva og P1 er om lag 10 milliardar kroner. Dette er også godt nytt for leverandørindustrien. Dei to felta vil bidra med heile 8400 årsverk under utbygging og drift.

Artikkeltags