Signerer fem nye år med Telia og Get for Enivest-kundane

HELD FRAM EKTESKAPET: Nandor Helgheim og Enivest signerer fredag ein ny femårsavtale med dei noverande partnarane sine, Telia og Get.

HELD FRAM EKTESKAPET: Nandor Helgheim og Enivest signerer fredag ein ny femårsavtale med dei noverande partnarane sine, Telia og Get. Foto:

FLORØ: I dag signerer Enivest ein ny femårskontrakt med Telia og Get, som sikrar kundane innhaldsleveransar på tv og underhaldningstenester som i dag.

DEL

Etter omfattande, men konstruktive forhandlingar har Enivest valt å signere ny femårs kontrakt med Telia og Get om levering av TV- og underhaldningstenestar til privat- og bedriftsmarknaden.

Enivest signerer avtalen i dag, fredag med Telia og Get i Førde, skriv Enivest i ei pressemelding.

Enivest har levert innhaldstenestar frå Get sidan 2008. No har over 15.000 fiberkundar moglegheit til å få tilgang til TV- og underhaldningstenestene frå Telia og Get.

– For oss var det viktig at vi vel den partnaren som vi meiner kan levere dei beste tenestene til kundar i Sogn og Fjordane. Vi er glad for å ha signert ei ny avtale med Telia og Get. Den nye kontrakta sikrar kundane det som etter vår meining er dei beste TV- og underhaldningstenestene i dagens marknad, seier adm.dir. Nandor Helgheim, i Enivest.

Også Telia er nøgd med vidareføringa:

– Enivest er ein spennande partnar i vekst som kombinerer lokalt engasjement med høgteknologiske løysingar. Selskapet har i mange år vist at dei leverer god økonomi og lønsemd i ein krevjande marknad. Saman kan vi no framover tilby kundane i Sogn og Fjordane det aller råaste på tv-fronten og etter kvart kan vi kople det saman med tenestene til Telia. Slike partnarskap set vi høgt, sieer Torbjørn Aamodt, leiar for Telia Home. 

Get har om lag 500.000 heimar og bedrifter knytt til sitt fibernett i Norge og leverer TV- og underhaldningstenester til over 1,8 millionar privat- og bedriftskundar.

I 2016 investerte Enivest over 100 millionar kroner i breibandsutbygging i Sogn og Fjordane. Det er den største enkeltinvesteringa i breiband her i fylket til no.

Artikkeltags