Gå til sidens hovedinnhold

Næringslivet opnar jaktsesongen

Artikkelen er over 4 år gammel

Haustjakta er i gang- ikkje på hjortevilt- men på ikkje heilt tamme kandidatar til "Årets Gründer".

Tempo-seminaret i Florø:

4. november skal «Årets Gründer 2016» kårast i Sogn og Fjordane. Det er femte gong prisen blir delt ut og vinnaren får med seg 100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

- Målet med prisen er å stimulere til innovasjon og nytenking i Sogn og Fjordane. Mange bransjar er inne i tøffe tider og må tenke nytt, og det kan jo hende at dette viser igjen i søknadane i år, seier Hjørdis Vik, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.

Fram til søknadsfristen kan alle som vil nominere aktuelle kandidatar.

- Vi ønskjer oss mest mogleg i breidde i søkarmassen, ikkje berre ferdigutvikla bedrifter. Gode idear fortener merksemd, og vi ønskjer å vere med å gi dei ei hjelpande hand vidare i arbeidet deira, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter søknadsfristen vil juryen plukke ut fem finalistar, som alle vert presentert på Framtidsfylket sine nettsider den 14. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, før vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 4. november.

Dei fire tidlegare vinnarane er Highsoft (2012), Melin Medical (2013), Intempo (2014) og GRS Riflestocks (2015).

Juryen består av: Hjørdis Vik, avdelingsleiar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane og Sindre Kvalheim, dagleg leiar LocalHost.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet.
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, ev. må forretningsideen vere utvikla for mindre enn 5 år sidan.

Kommentarer til denne saken