Fryktar kamp om areal på havbotnen

 Jarl Magne Silden i sentrum av bildet.

Jarl Magne Silden i sentrum av bildet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fiskarlagsformann Jarl Magne Silden minner om at regjeringas havstrategi vil skape mange arealkonfliktar.

DEL

Regjeringa viser til at det er 250.000 jobbar i Norge knytt til dei havbaserte næringane, petroleum, skipsfart og sjømat, og at regjeringa vil vidareutvikle industri og næringar som er havrelaterte. Den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, har rekna ut at dei havbaserte næringane kan doble sitt bidrag til den globale økonomien i 2030.

LES OGSÅ:

- Vi i Fiskarlaget er ikkje i mot økonomisk vekst og vil ha ein god dialog med styresmaktene. Eg ser at mykje i denne strategien handlar om havbruk, om olje og gruveverksemd på havbotnen. Ein må ikkje stelle seg slik at vi øydelegg for vårt gode rykte som ein god forvaltar av fiskeriressursane. Det er trass alt dei som har vore berebjelken til nasjonen vår, understrekar Silden.

Han er skeptisk til den politiske kåtskapen på å opne dei store og viktige gyteområda i Lofoten og Vesterålen for petroleumsnæringa.

- Eit vedtak om konsekvensutgreiing er i realiteten ei opning for oljebransjen i desse områda. Med den teknologiutviklinga som har vore - er det berre oljeleiting ved boring frå land og utover som bør vere aktuelt, seier han.

Dette er regjeringas viktigaste tiltak:

Gje marin og maritim næring sjansen til å teste ut løysingar i fullskala- slik oljenæringa har fått lov til gjennom Demo2000. Styrke næringsretta forsking på tvers av havnæringane og støtte arbeidet med å utvikle Norge som ei internasjonal merkevare.

Kartlegge oppdrett av nye artar og legge til rette for hausting av nye artar.

Meir til forsking på økosystem på kysten og legge til rette for vidare havbruksvekst.

Meir forsking på havøkosystem og rolla dei spelar for det globale klimaet.

Opne for meir kartlegging av oljeressursar og mineralforekomstar i havrommet.

Styrke petroleumsforskinga for å auke konkurransekrafta til oljebransjen og havbaserte næringar generelt.

Artikkeltags