Brdr. Aa fekk heider for integrering

SØLVPLASS: Lars Endre Gimmestad, viseadministrerende direktør i Brødrene Aa, i lag med Jan Tore Sanner. Foto: Trygve Indrelid/NTB
HYEN: Br. Aa sikra seg sølvplass for å ha lukkast godt med å sjå og ta i bruk innvandrarar sin kompetanse i verksemda si. I går vanka det pris frå regjeringa.
– Eit stabilt fotfeste i arbeidslivet er viktig for at innvandrarar skal lukkast i Norge. Med denne prisen ønskjer regjeringa å motivere verksemder og arbeidsgjevarar til å sjå verdien av mangfald i verksemder som ein ressurs, sa Jan Tore Sanner, då han på vegner av regjeringa tysdag delte ut årets Mangfaldsprisar.
Mangfaldsprisen er regjeringa si utmerking for god bruk av innvandrar sin kompetanse i arbeidslivet, og mange verksemder konkurrerte i ulike klassar om heider og ære.
- Prisen går til leiarar og tilsette som veit og viser at det som gjer oss ulike også gjør oss sterkere sammen, sa Sanner.
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) mottok over 350 forslag til prisvinnarar. 6 regionale juryer, leia av IMDI, har hatt jobben med å velge ut 12 regionale vinnarar, fordelt på to kategoriar; små verksemder og mellomstore/store verksemder.
- Framleis er det vanskeleg for mange innvandrarar å få seg jobb. Står du utanfor arbeidslivet, så står du også utanfor andre fellesskap. Heldigvis er det mange verksemder som no tenkjer annleis, og som tilset folk på tvers av bakgrunn, språk og nasjonalitet - fordi dei ser det er ein ekstra verdi for bedrifta, sa Sanner.
.Prisvinnarar 2019:
Årets mangfaldsverksemd 2019: Matbørsen
Små verksemder:
Gull: Septer AS, Brumunddal
Sølv: Tomma rensefisk AS, Tomma
Bronse: A. Våge AS, Volda
Mellomstore og store verksemder:
Gull: Matbørsen AS, Stokke
Sølv: Brødrene AA AS, Hyen
Bronse: Stormberg AS, Kristiansand