Sparebanken Sogn og Fjordane går så det griner

GODE TAL: Administrerande direktør for Sparebanken Sogn og Fjordane kan ikkje anna enn å vere nøgd med utviklinga i banken.

GODE TAL: Administrerande direktør for Sparebanken Sogn og Fjordane kan ikkje anna enn å vere nøgd med utviklinga i banken.

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Sparebanken Sogn og Fjordane fekk eit totalresultat på 97 millionar i første kvartal.

DEL

Tala for dei fire første månadane av 2018 syner ei auke i totalresultatet på 8 millionar frå året før. Det melder banken sjølv, i ei pressemelding.

Inntektene vart på 248 millionar, mot 235 millionar i same kvartal i fjor, skriv firda.no

Kostnader som året før

– Dette er eit godt resultat og vi legg eit bra kvartal bak oss. Vi har jamn resultatframgang på fleire område, i tillegg til at kostnadane våre ligg på same nivå som i fjor. Tapa ligg og lågare enn i fjor, og spelar inn på resultatet, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Han fortel at resultatet før nedskriving på utlån og eksklusiv resultat frå finansielle instrument er på 125 millionar kroner. Dette er tre millionar kroner høgare enn for same periode i fjor. Veksten på brutto utlån er på 4,8 prosent dei siste 12 månadane.

Over ein milliard i fjor

Sparebanken Sogn og Fjordane gjekk ut av 2017 med over ein milliard kroner i inntekter og eit totalresultat på 425 millionar kroner.

I pressemeldinga fortel Teigene at 2017 gav dei god driv inn i 2018. Banken har per i dag ein marknadsdel på 40 prosent.

– Næringane fiskeri, havbruk og reiseliv viste ei fin utvikling i fylket i 2017. Slik er det framleis, særleg fiskeri, der aktørane bygger større einingar gjennom nybygg og kvotekjøp. Vi ser og ei positiv utvikling i oljeretta næringar, i takt med stigande oljepris, seier Teigene.

Nøkkeltal frå kvartalsrapporten

Totalresultat 97 mill. kr (89 mill. kr)

Netto renteinntekter 210 mill. kr (207 mill. kr)

Resultat finansielle instrument 9 mill. kr (8 mill. kr)

Driftskostnader 114 mill. kr (114 mill. kr)

Nedskriving på utlån 8 mill. kr (14 mill. kr)

Driftskostnader i prosent av driftsinntektene inkl. innt. frå fin. Instrument 45,94 % (48,35 %)

Eigenkapitalavkastning 9,0 % p.a. (9,1 % p.a.)

Artikkeltags