Fiskeriministeren kjem til Kalvåg

Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) kjem til Sogn og Fjordane på eit todagars besøk denne veka. I Kalvåg vil han møte lokale bedrifter.

DEL

– Det er første gong eg besøker Sogn og Fjordane som fiskeriminister, og eg ser fram til å bli betre kjent med sjømatbedriftene her, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) i ei pressemelding.

Møte med ungdom som satsar på fiskeri og havbruk og lokale sjømatbedrifter er noko av det som står på programmet når fiskeriministeren besøker Måløy og Selje, med ein snartur innom Kalvåg.

- Eg gler meg også til å til å treffe ungdom som er på vei inn i sjømatnæringa. Eg håpar fleire vil sjå dei store mogelegheitene som ligg i fiskeri og havbruk, for vi treng fleire kloke hovud i denne viktige næringa, seier fiskeriministeren.

Tysdag deltar han på fiskeri- og havbrukskonferansen i Måløy. På ettermiddagen besøker han Marine Harvest sitt sjøanlegg ved Krabbestigen, og om kvelden skal han på Knutholmen i Kalvåg for å møte lokale bedrifter.

Onsdag besøker han Måløy vidaregåande skule, og på ettermiddagen møter han lokale bedrifter på Furebuda på Stadlandet.

Artikkeltags