Meir pengar til Merkur-programmet

Nærbutikken i Rognaldsvåg på Reksta er ein av butikkane som har nytt godt av Merkur-programmet.

Nærbutikken i Rognaldsvåg på Reksta er ein av butikkane som har nytt godt av Merkur-programmet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Budsjettforliket gav 10 millionar kroner ekstra i løyvingar til Merkur-programmet. No er det også klart at dei får fire millionar ekstra i årets budsjett.

DEL

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i Distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet. Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rognaldsvåg

Dei har gitt støtte til fleire butikkar i regionen, mellom anna har Nærbutikken Rognaldsvåg nytt godt av programmet, og vart tidlegare i år kåra til «Årets butikk» på Nordvestlandet.

Etterspurnaden etter investeringsstøttemidlane har vore i stor i 2017, og heile løyvinga til dette føremålet vart brukt opp allereie i september, skriv Kommunal og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding. Dette er bakgrunnen for at regjeringa no aukar løyvinga med fire millionar kroner for 2017, slik at Merkur kan ta opp att arbeidet med å behandle nye søknadar om økonomisk støtte.

– Mange av butikkane har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hos butikkdrivaren og i lokalbefolkninga. Nasjonale styresmakter støttar opp om denne lokale krafta og viljen til å utvikle lokalsamfunnet, gjennom Merkur-programmet, seier statsråd Sanner.

Dette fører til at budsjettet for Merkur i 2017 vil auke frå 37,3 millionar kroner til 43,3 millionar kroner. For 2018 blir det sett av 48.3 millionar kroner til Merkur-programmet etter budsjettforliket.

Artikkeltags